mandag 13. februar 2012

F-35 sjefen til Norge

Pressemøte med toppsjefen for F-35

Toppsjefen for F-35 programmet, Tom Burbage, kjem til Noreg for å ha samtalar med statssekretær Roger Ingebrigtsen. Representantar for norsk industri vil òg vere til stades.
Samtalane vil blant anna dreie seg om høve for norsk industri og framdrift i
F-35 programmet. Det vil òg vere naturleg å kome inn på moglege konsekvensar av det amerikanske forsvarsbudsjettet som skal leggjast fram i kveld.
Media blir invitert til pressemøte tysdag 14. februar kl 1230.
Pressemøtet finn stad i lokala til Forsvarsdepartementet i Myntgt. 1. Av praktiske grunnar ber vi om påmelding til fdinfo@fd.dep.no innan tysdag kl 1100. Foto: LM

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.