Den siste meldinga frå kypriotisk kringkasting seier at ein kaprar om bord skal ha sprengstoff festa til kroppen. Han skal ha gitt politiet beskjed om å trekkje seg tilbake frå flyet, og han skal ha trua med å detonere sprengstoffet.
Egypt Air opplyser at alle dei egyptiske passasjerane er sette fri, medan mannskapet og fire utanlandske passasjerer framleis er om bord.

Motstridande meldingar

Det er motstridande meldingar om kor mange utlendingar som var om bord. Nokre meldingar seier fem, medan andre kjelder seier at det er fleire åtte britiske statsborgarar og ti amerikanske borgarar i flyet.
BBC siterer lokale medium på at alle dei utanlandske passasjerane som er igjen, er europearar.
Kypriotisk UD trur det er mellom 15 og 20 menneske igjen om bord i flyet.
Det er snakk om eit egyptisk innanriksfly frå Egypt Air på veg frå Alexandria til Kairo. Flygaren melde ikkje frå om kapringa før flyet var inne i kypriotisk luftrom.
Det er snakk om eit fly av typen Airbus 320, som no er parkert på den austlege delen av flyplassen, eit godt stykke unna rullebanen. Dette er standard prosedyre i krisesituasjonar.
Det vart først meldt at det var 81 menneske om bord i flyet, men så kom det melding om at det var 55 passasjerar og eit mannskap på sju om bord. Seinare har kjelder i det egyptiske luftfartsverket igjen sagt til AFP at det er 81 passasjerar om bord.

– Ingen krav

Ein talsmann for utanriksdepartementet i Kypros seier at dei ikkje har teke imot krav i samband med kapringa.
Kjelder i egyptisk politi seier til Reuters at flyet vart kapra av ein person, medan ei kypriotisk kjelde seier til AP at det truleg er fleire enn ein kaprar.

Egypt Air stadfestar

Andre kjelder har sagt at det er uklart om kapraren er væpna, eller om han har trua med at det er eksplosiv om bord.
Egypt Air har stadfesta at eitt av deira fly er kapra. All trafikk til og frå flyplassen i Larnaca er stansa som følgje av kapringa, og trafikken er omdirigert frå til flyplassen i Paphos.
Luftfartsverket i Egypt har namngitt kapteinen på flyet som Omar al-Gammal. Han informerte dei om at han var trua av ein person med bombebelte til å lande på flyplassen i Larnaca.
Israel har reagert på kapringa med å sende opp jagarfly for å hindre at flyet eventuelt vil prøve å kome inn i israelsk luftrom.
Egypt Air er ein del av Star Alliance